Content1 | col3
  • Del på Facebook
  • Skriv ut
    Skriv ut
  • E-post
    Tips en venn

Blomkålvinger

60 min
2-3 porsjonar
Ein vegetarisk variant av kyllingvinger? Prøv Kvardagsmat sine blomkålvinger med nydeleg dipp!

Ingredienser

Blomkålvinger
1 blomkålhovud
1,5 dl mjøl (feks Helios Speltmel eller Helios Glutenfri Lys Bakemiks)
2 dl plantemjølk
1 ts løkpulver
1 ts røykt paprika
1 ts Helios spisskummen
1/2 ts kvitløkspulver
1 ts Helios Himalayasalt
1 klype Helios chiliflak

Glasering
3 ss Helios Lønnesirup
1 ts Helios Tamari (soyasaus)
1 ts Helios Sesamfrø
1 ts riven ingefærrot
1/4 ts kvernet Helios sort pepper

Cashew-dipp
100 g Helios Cashewnøtter
0,5 dl vatn
1 ss Helios Sitronjuice
1 klype salt
Litt Helios Sort pepper, nykvernet


Fremgangsmåte

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme. Del blomkål i bukettar og fordel utover eit bakepapirkledd steikebrett.

  2. Steik blomkålen i 20 minutt.

  3. Visp saman mjølk, mjøl og krydder i ei flat skål.

  4. Dypp dei omnsbakte blomkålbukettane i røra, og legg tilbake på steikebrettet. Steik i nye 20 minutt.

  5. Rør saman ingrediensane til glaseringa, ingefærrota riv du på eit zesterjarn eller eit lite rivjarn. Pensle blomkålbukettane med glasering og steik i 5-7 minutt til.

  6. Lag cashewdipp ved å køyre saman bløytlagde cashewnøtter med resten av ingrediensane i ei matmølle. Har du gløymt å bløytlegge nøttene kan du koke dei i ti minutt og så skylle dei i kaldt vatn i staden.

  7. Nyt blomkålvinger og dip med det same!

Kilde:
Oppskrift og bilete er utarbeida som ein del av vårt samarbeid med matbloggen Kvardagsmat. 

Syzweb publiseringsløsning levert av MarkedsPartner AS