Content1 | col3
  • Del på Facebook
  • Skriv ut
    Skriv ut
  • E-post
    Tips en venn

Blåskjel i currysaus

30 min
2 porsjonar
Blåskjel høyrer sommaren til. Sjekk ut Kvardagsmat si oppskrift med kokosmjølk, raud curry og koriander!

Ingredienser

1 kg blåskjel
1 lime
400 ml Helios Kokosmelk
0,5 dl eplejuice
1 ts kvitvinseddik
2 ts raud currypaste
2 fedd kvitløk
1 ss fishsauce
1 ss sukker
1 korianderplante

Fremgangsmåte

  1. Skyl blåskjela under rennande kaldt vatn, og fjern skjel som ikkje lukkar seg eller er øydelagde. Fjern skjegg og anna rusk på blåskjela. Legg dei over i ei skål til du treng dei.

  2. Del limen i to, press ut all safta. Bland limejuice, kokosmjølk, eplejuice, kvitvinseddik, currypaste, finhakka kvitløk, fishsauce og sukker ei ein vid kasserolle med lokk. Kok opp under omrøring til all currypaste og sukkeret er oppløyst. La blandinga småkoke i 5.

  3. Hell blåskjela over i currysausen, legg på lokk og la blåskjela bli dampa/kokt til dei opnar seg. Dette tek 5-10 minutt. Rist forsiktig på kasserollen innimellom.

  4. Grovhakk koriander og strø på toppen av blåskjela og server med ein gong.

Kilde:
Oppskrift og bilete er utarbeida som ein del av vårt samarbeid med matbloggen Kvardagsmat. 

Syzweb publiseringsløsning levert av MarkedsPartner AS