Content1 | col3
  • Del på Facebook
  • Skriv ut
    Skriv ut
  • E-post
    Tips en venn

Vegetarisk “tunfisksalat” med kikerter

15 min
3-4 porsjonar
Kvardagsmat serverer "tunfisksalat" med ein vegetar-vri!

Ingredienser

1 boks Helios kikerter
2 sjalottløk
3 stenger stangselleri
4 ss majones
1 ts sennep
1 skvis sitron
1 ts flaksalt
1/4 ts pepar
1 klype chiliflak

Fremgangsmåte

1. Skyl kikertene i eit dørslag til det ikkje skummar lenger.
2. Del stangselleri og sjalottløk i grove bitar.
3. Ha alle ingrediensane i ei matmølle med S-knivar og puls saman til ei grov masse. Kanskje må du stoppe og skrape ned innhaldet med ein slikkepott undervegs. Det ser du. (Har du ikkje matmølle kan du sjølvsagt hakke opp alt med ein kniv og blande saman.)
4. Ha salaten over i ei skål og server med det same.

 

Kilde:
Oppskrift og bilete er utarbeida som ein del av vårt samarbeid med matbloggen Kvardagsmat. 

Syzweb publiseringsløsning levert av MarkedsPartner AS