Content1 | col3
  • Del på Facebook
  • Skriv ut
    Skriv ut
  • E-post
    Tips en venn

Quinoaknekkebrød

Lett
20 porsjonar

Lag knekkebrøda på kvelden, og nyt dei til frokost eller lunsj dagen etter!

Ingredienser

2 dl Helios havregryn
4 dl ukokt Helios quinoa
1 dl Helios gresskarkjerner
2 dl Helios solsikkekjerner
1 ss fiberhusk/loppefrøskall
1 klype salt
5-6 dl vatn

Fremgangsmåte

  1. Legg quinoa i ein stor bolle og fyll på med kaldt vatn til det er godt dekka, gjerne 5 cm over quinoaoverflata. La stå på benken over natta.

  2. Skyl av quinoaen gjennom eit dørslag.

  3. Rør saman quinoaen med alt det tørre.

  4. Bland i 5 dl av vatnet og rør godt om. La røra svelle i 10 minutt. Dersom røra er for tørr til at du kan smøre den utover tilset du resten av vatnet og let det svelle i 10 minutt til.

  5. Set omnen på 160 grader varmluft.

  6. Fordel grauten ut over 2 eller 3 bakepapirkledde bakebrett (alt etter kor store bretta dine er, og kor langt ut til kanten du stryk det). Set alle bretta inn i omnen.

  7. Etter 20 minutt tek du bretta ut, ruter opp med ein pizzaskjærar og set bretta tilbake på plass. Pass på at du byter plass på bretta, slik at ikkje det same brettet blir ståande øvst i omnen heile steiketida.

  8. Steik i nye 20 minutt, og bytt deretter plass på bretta igjen.

  9. Steik i siste 20 minutt og opne deretter steikeomnen og la knekkebrøda stå i omnen og tørke heilt ut til omnen er kald, gjerne over natta.

  10. Oppbevar quinoaknekkebrøda i tett boks og nyt med godt pålegg.

    Kilde:
    Oppskrift og bilete er utarbeida som ein del av vårt samarbeid med matbloggen Kvardagsmat. Instagram: @kvardagsmat

Syzweb publiseringsløsning levert av MarkedsPartner AS