Content1 | col3
  • Del på Facebook
  • Skriv ut
    Skriv ut
  • E-post
    Tips en venn

Granolabar

60 min
14 porsjonar
Desse er perfekt som snacks på tur!

Ingredienser

100 g Helios mandlar
200 g Helios havregryn
50 g Helios solsikkekjerner
100 g god honning
100 g Helios peanøttsmør
100 g Helios dadlar
1 ts Helios kanel
1/8 ts salt
50 g Helios tørka aprikos
50 g Helios tørka tranebær
1 dl vatn

Fremgangsmåte

  1. Sett steikeomnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Legg havregryn, solsikkekjerner og hakka mandlar utover eit bakepapirkledd steikebrett og plasser brettet midt i omnen. Rør rundt 1-2 gongar, og la steike i 15-20 min til det er gyllent.

  3. Kok opp vatnet og legg dadlane i. La dei ligge i 5-10 min, slik at dei mjuknar litt opp. Kjør dadlar og vatn til ein jamn puré ved hjelp av ein blender eller ein foodprosessor.

  4. Varm opp honning og peanøttsmør og rør til det blir ei jamn masse. Bland så inn daddelpuréen.

  5. Ha dei røsta gryna over i ein bolle og bland inn kanel, salt, grovhakka aprikos og tranebær.

  6. Hell honningblandinga over og bland godt saman.

  7. Legg bakepapir i ei eldfast form på ca 20 x 20. (Mi form var 16 x 24.)

  8. Trykk blandinga godt saman, ved hjelp av baksida på ei spiseskei eller knyttneven.

  9. Sett den eldfaste forma i den varme omnen igjen, og la granolablokka steike i 15-20 min til den er gyllen på toppen og har sett seg.

  10. La granolblokka avkjøle heilt i forma før du deler den opp i passe bitar.

  11. Oppbevarast i tett boks eller kan frysast om du vil ha dei lenge.

Kilde:

Oppskrift og bilete er utarbeida som ein del av vårt samarbeid med matbloggen Kvardagsmat. Instagram: Kvardagsmat.

Syzweb publiseringsløsning levert av MarkedsPartner AS